Gå til sidens hovedinnhold

Vern av Børgin omfattar ikkje nedslagsfeltet kring fjorden

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Trønderdebatt)

Ordførarane i Steinkjer og Inderøy skriv i Trønder-Avisa 17. juni om kor store kostnader vern av Børgin kan føre til for bøndene rundt. Same dag i Trønderdebatt imøtegår representantar frå SV i detalj fleira av påstandane.

Naturvernforbundet har jobba for vern i mange år og reagerer sterkt på påstandane frå ordførarane. Det er merkeleg er at dei skriv om nedslagsfeltet og ikkje om Børgin. Det er jo ikkje nedslagsfeltet som skal vernast. Alle tiltak i nedslagsfeltet, altså landområdet rundt, blir jo regulert av andre lover og forskrifter. Vi har forskrift om vatn, nydyrking og forureining. Desse forskriftene må landbruket halda seg til uavhengig av vern av Børgin.

Les også

Det er mange i Inderøy kommune som faktisk ønsker at Børgin blir vernet

Det er med andre ord ikkje så lett å forstå kva tiltak ordførarane og bøndene rundt har i tankane når dei engasjerer seg så sterkt. Skal dei statsrådane dei vender seg til vurdere vernet av Børgin, er det altså fjorden dei skal bry seg om, ikkje nedslagsfeltet. Det er klart at når Naturvernforbundet tar aktivt til orde for vern så er det for å sikre at naturmangfaldet ikkje blir forringa, men heller bli styrka. Då er det viktig at alle tiltak som utfylling av masse eller utbygging i sjøen ikkje blir lov. Har kommunen eller bøndene rundt slike planar sidan dei er så redde for vern?

Kva med framtida? Er det nokon som kan tenke seg å tørrlegge Børgin for å få meir jordbruksland, eller firefelts motorveg til Straumen? Vonaleg ikkje, men kva myndigheiter vil bestemme om 10-15 år har vi ingen garantiar for. Slik usikkerheit må både naturvernarar og bønder leve med.

Eit vern av Børgin er eit vern av livet i fjorden, ikkje eit driftsforbod for bøndene kring fjorden. Verda står i ei krise med store naturtap. Vern av Børgin/Borgenfjorden er eit av forsvarsverka mot slikt tap.

Kommentarer til denne saken