Gå til sidens hovedinnhold

Forsamlingshusa, vår demokratiske kulturarv

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Trønderdebatt)

Takk til Steinkjer kommune som tar vare på samfunnshuset sitt – ei av perlene i Steinkjer sin gjenreisingsarkitektur - som Anne Berit Lein og Bjørn Arild Gram skriv 14. juni i ein flott artikkel. Men forsamlingshuset/samfunnshuset har også ein annan perlestatus enn det som kjem fram i deira artikkel.

Samfunnshuset er vidareføringa av dei mange små organisasjonshusa som stod og delvis fortsatt står rundt omkring i bygder og tettstader. Det er typisk at det er arbeidarrørsla og kommunen som går saman om å bygge det nye samfunnshuset i gjenreisingsbyen. Det var i organisasjonshusa grunnlaget vart lagt for dei gode damokratiske livsvilkåra vi har i Norden – og som no er truga og som det er så viktig å ta vare på.

Demokratibygging

Dei mange forsamlingshusa og organisasjonane sin aktivitet i dei, må sjåast i lys av både nasjonsbyggingstanken og framveksten av det moderne industrisamfunnet i den tida husa vart bygde. Forsamlingshusa representerer eit viktig bidrag til det 20. århundrets demokratiske kulturarv. Bygningane skulle først og fremst fungere som hus for foreningslivet og er ikkje prangande og storslåtte slik som offentlege bygg som kulturhus, kyrkjer og rådhus til dels kunne vera. Den nye nasjonen hadde behov for å dyrke fram dei norske verdiane gjennom korsong, amatørteater, målsak, dans, folkeopplysning, politisk skolering og religiøsitet. På same tid stilte det moderne samfunnet ikkje berre krav til teknisk dugleik.

Det stilte også krav til ein meir danna og disiplinert mennesketype. Det var viktig med tidsdisiplin, arbeidssomheit, pliktkjensle, fråhaldssak og orden. Få kan i dag forstå at fråhaldsrørsla var den største og mektigaste folkerørsla i Norge i mellomkrigstida. Dygdene som vart framelska i forsamlingshusa vart nok vektlagt i skolane også, og læraren var nok den viktigaste personen både i folkedanninga, nasjonsbygginga og i demokratibygginga. Men det var kanskje ikkje først og fremst læraren bak kateteret på skolen som var viktigast. Det var læraren på talarstolen, på scenen og på dansegolvet i ungdomshuset og i styret for ungdomslaget, songlaget og losjen som var det levande idealet og den verkelege demokratibyggaren og folkedannaren.

Ungdomen reiste ikkje i hopetal på universitet og distriktshøgskolar. Nei – dei reiste i hopetal på sin folkelege skole utan karakterar, Grundtvigs høgskole. Skolen for livet. Eit akademi for den folkelege kulturen og tanken: Folkehøgskolen. Ideane herifrå kunne så dyrkast vidare i heimbygda i ungdomshuset og ungdomslaget.

I dag snakker mange med forakt om det å ha ideal. Vi skal alle ha oss sjøl som ideal og vi skal alle bygge vår karriere og vår utdanning. Det er den enkeltes frie val, den enkelte sine personeleg preferansar som skal settast i sentrum. Likskap og samfunnsånd er blitt negative begrep for mange. Få politikarar tør å seie kva dei meiner. Alle venter på meiningsmålingane og tar det standpunktet som ser ut til å ha fleirtal akkurat no. Folkedanning og folkeopplysning var dygder som stod høgt i kurs og som få flira av i den tida.

I 1998 gav professor Rune Slagstad ut boka «De nasjonale strateger». Her trekker han overraskande fram mange enkeltpersonar som har hatt stor betydning for den politiske utviklinga i Norge. Men det er først og fremst læraren Slagstad trekker fram som avgjerande for at Norge har blitt det «annerledeslandet» det har blitt. Og vi kan legge til: kanskje først og fremst læraren i forsamlingshuset som ein del av organisasjonsnorge.

Folkedanning

Det er vanskeleg for oss i dag når dei høgste dygdene synes vera det å bli sett, samle seg pengar, stille krav, bryte tabugrenser og realisere seg sjøl, å forstå den lystbetonte folkeopplysnings- og folkedanningsbølga som gjekk over landet med forsamlingshusa som utgangspunkt. Som eit apropos kan her nemnast at det for eit tid sidan var eit innslag i NRK om kva som i august 2007 møter den ferske studenten som er opptatt på universitet og høgskole og skal starte på sine høgare studiar.

Det universitetsrepresentanten trekte fram som viktigast for den nye studenten var ein skriftleg oversikt over dei krav han skulle stille til forelesarane og administrasjonen, til lånekasse og samfunnet forøvrig for at studenten skulle få så god og effektiv studietid som muleg. Ikkje eit ord vart i innslaget nemnt om kva krav samfunnet og universitetet burde stille til studenten, eller om kva ansvar det følgjer med det å vera utvalgt til å få ei akademisk utdanning og kanskje med tida bli ein del av åndseliten i landet.

Mange forsøker i vår tid å framstille foreningarbeidet som noko som vart tvinga på folk, noko baksterversk og sidrumpa. Sjølsagt var aktivitetane resultat av inntrykk og påverknad utanfrå. Det er all utvikling. Ingenting kjem «tå sæ sjøl». Men realiteten er nok at det aller meste var høgst frivillig og lystbetont og styrt ut frå folks eigne ønsker og behov. Nettopp derfor fekk desse organisasjonane så sterkt gjennomslag.

Dei største folkerørslene

Dei ulike rørslene kunne til dels ha ulik styrke i ulike delar av landet. Her er det aktuelt å sjå på generelle trekk for Nord-Trøndelag.

Losjelokala/Fråhaldshusa

Desse husa som hadde sitt utspring i lag som arbeidde for totalavhold. Sjøl om desse husa og laga er så godt som totalt borte i Trøndelag i dag, så var dei ein betydeleg maktfaktor i si tid. Til dømes så var det forløparen til Bagabu ul - Henning Arbeiderforeing - som tok initiativ til bygging av Henning Møtehus i 1898. Det var Arbeiderforeninga i lag med Henning Skyttarlag som bygde huset. Ganske snart vart Bagabu ungdomslag også ein av eigarane. I ein periode 1910-1916 ser det ut for at det var Losje Idun - det største laget i bygda på den tida - som stod som eineeigar. Den siste tida fram til 1961 da Henning Samfunnshus vart bygd, så var det Bagabu ul og Losje Idun som åtte huset i lag.

Det at fråhaldsrørsla var den størte og sterkaste folkerørsla i landet i mellomkrigstida er ein ting. Noko som er enno meir tankevekkande er at totalavhold var ein sentral arbeidsoppgave for alle folkerørslene på den tida: lekmannsrørsla, arbeiderrørsla og den frilynte ungdomsrørsla.

Ungdomshusa

Det er kanskje desse husa det har vore flest av i Nord-Trøndelag. Omtrent kvart skolekrins eller kyrkjesokn i Inntrøndelag har hatt sitt ungdomshus. Det er dei frilynte ungdomslaga i Noregs Ungdomslag som har stått som eigarar. Den frilynte ungdomsrøsla har stått sterkast i fjell- og dal-Norge samt på Vestlandet og i Inntrøndelag. På breibygdene på Austlandet finn vi mange Bøndenes Hus. Dette er oftast ungdomshus som «vart med i dragsuget» da Norges Bondelag forsøkte å overta dei frilynte ungdomslaga som rekrutteringslag til bondelaga. Dette var på 1930-talet.

Der ungdomslaga gjekk over til Norges Bondelag og vart til bygdeungdomslag, skifta husa namn til Bøndenes Hus. I Nord-Trøndelag er det ikkje registret eit einaste slikt tilfelle, og her finn vi da heller ikkje eit einaste Bøndenes Hus ute på bygdene så langt eg kjenner til.

Bedehus og frikyrkjer

Desse husa har tilhøyrt forskjellige religiøse grupperingar – den såkalla lekmannsrørsla. Dei fleste bedehusa har som regel vore eit suplement til statskyrkja og dreve aktiviteten delvis i samarbeid med kyrkja. Frikyrkjene derimot har som regel drive forkynning i opposisjon til kyrkja. Som regel kaller vi likevel alle desse husa for bedehus. I Nord-Trøndelag finn vi dei over heile fylket, kanskje med sterkast utbreiing i Stjørdal/Skogn-området og i kyststroka.

Arbeiderlokaler og Folkets hus

Dette er hus som som regel har høyrt til sosialdemokratisk foreningar eller fagforeningar. Ein eldre hus- og namnetype er dei husa som vart kalla for Arbeiderforeningen. Desse husa hadde som regel ingen ting med det vi dag meiner med «arbeiderbevegelsen». «Arbeiderforeningen» var som regel konsert/teaterlokaler i byane der dei kondisjonerte møttes for å framføre amatørteater, der den lokale musikkforeninga hadde sine øvingar og konsertar og der omreisande foredragsholdarar, musikarar og gjøglarar tok inn. Nyare hus av denne typen fekk ofte namnet Festiviteten. «Folkets hus» er som regel namnet på husa til arbeiderrørsla. Desse fann vi spreidd over heile fylket. Men oftast leigde arbeiderungdomslaga ute i distrikta vanlege ungdomshus til sin aktivitet.

Ideologi og praktisk arbeid

Det er sagt at ingen stad i verda finst så mange organisasjonar og organisasjonhus som i Norden. Det geniale med det er at kvar organisasjon har sitt eige hus er at både teoretikaren/ideologen og praktikaren (rørleggaren, muraren, snekkaren og malaren) kan samarbeide om same sak. Den praktiske byggeoppgaven blir ein integrert del i den ideologiske nasjonsbygginga, folkedanninga, politiske skoleringa eller religionsutøvinga. I visse periodar kan eit lag ha stått sterkt ideologisk mens det i andre periodar tilsynelatande er «berre husstyret» igjen.

Men eitt er sikkert. Den som anser eit forsamlingshus for «berre eit hus», han tar feil. Det praktiske arbeidet med å bygge og halde huset ved like har blitt brukt som ein reiskap i den åndeleg tenesta.

Samfunnshusa

Med samfunnshuset som oppstår like etter 2. verdskrig får vi ein avideologisering av forsamlingshuset. På mange vis kan ein seie at nasjonsbygginga, folkeopplysninga og folkedanninga blir avslutta med innføringa av samfunnshuset. Samfunnshuset er først og fremst ein manns ide og verk: Rolf Hofmo. Eg var ikkje til stades da det første samfunnshuset i Sparbu kommune vart opna i 1961: Henning Samfunnshus. Men eg fornemmer enno det suset eg som 15-åring kjente gjekk gjennom bygda: Rolf Hofmo kjem! Noko stort skulle skje. Alle vaksne i bygda kunne ramse opp kor mange samfunnshus som stod i landet frå før. Mange visste namnet på dei alle og visste kva nummer Henning ville få i rekka. Noko stort skjedde i Henning. Vi stod saman om noko stort. Henning Samfunnshus skulle opnast! Sosialdemokraten, samfunnshus- og idrettsanlegg-byggaren Rolf Hofmo er ein av dei store nasjonale strategane som Rune Slagstad trekker fram i boka si. Truleg var Rolf Hofmo til stades også da Steinkjer Samfunnshus vart opna.

Modernisering av landet

«Folk flest» ler vel i dag av det litt tafatte skyttarhuset, det samanrasa losjehuset, det halvrotne bedehuset eller det litt tilårskomne ungdomshuset. Men folk flest bør nok tørke fliren av seg. Det er her eit under har skjedd. Gjennom tre-fire generasjonar bygde folk landet her. Her fekk dei si folkedanning. Her vart grunnen lagt for at Norge vart det landet i verden som hadde minst alkoholskader (noko som av visse politikarar karakteriseres som verdens mest mislykka alkoholpolitikk). Her vart folk danna og utdanna, lærte seg å ta ordet, styre ordet og foreta demokratiske avstemmingar.

Her fekk dei utløp for sin kreativitet gjennom song, teater og dans. Her vart dei gjennom kaffedrikking og lystbetont studiearbeid kjent med både fagforeningsarbeid, Bibelen og dei store norske klassikarane. Her vart grunnen lagt for at eit av dei fattigaste landa i Europa på 150 år blir det rikaste og samtidig det mest egalitære landet i verda, og som gong på gong blir kåra til eit av dei beste landa å bu i. Og dette utan blodige revolusjonar, terror og slavearbeid.

Ein modernitet skapt som eit folkedannande samarbeid mellom ein idealistisk og asketisk elite og eit folk med vilje til å omforme seg. I Norge resulterte moderniseringa i suksess, i Sovjet med katastrofe, seier Slagstad. Rune Slagstad hevdar i boka si at at kimen til både den sovjetiske katastrofen og den norske suksessen ligg i eit kritisk mentalt prosjekt. Inspirasjonen til det nye samfunnet er nemleg like avgjerande som tilgang på teknikk, maskiner og kapital. Lysten, inspirasjonen og den mentale balansen som trongs for å utvikle og modernisere landet fekk det norske folket i forsamlingshusa. Sovjet hadde ingen ungdomshus.

Steinkjer samfunnshus er altså eit symbol på noko mykje større enn både gjenreisingsby og moderne arkitetur. Takk til Steinkjer kommune som tar vare på denne perla av eit bygg!

Kommentarer til denne saken